← attende til bokstova

Namn på løvetann (Taraxacum officinale)

Lagt ut den 20de april 2024. Sist umgjord den 30de april 2024.


Namnet gullboste bruka i Naturkunna (1901) av Hans Reusch.
Til deim som ser denne sida utan konteksten frå resten av netstaden: Heile netstaden er skriven med ei form for nynorsk som på mange måtar ikkje hev skift sidan tidleg 1900-tal. Denne sida er inkje undantak, og eg vonar at det gjeng greidt å lesa henne utan tidlegare røynsla med målet.

Løvetann (Taraxacum officinale) er ein av dei van­leg­aste blomane våre her i Noreg, og som med dei fleste blomar hev han mange namn uti dei ymse bygdemåli. Desse hev både større hævd og lengre soga en det relativt nye namnet løve­tann, som kjem frå dansk og er eit um­setj­ings­lån av gresk leont­odon. I Norsk Ord­bog frå 1873 av Ivar Aasen (attåt mål­gransk­ingi var han òg botanikar) stend ikkje løve­tann ein­gong, berre dei andre namni som eg her nemner nedan­fyre. Andre namn han helder ikkje nemner hev eg funne i ord­bok­saml­ingi Norsk Ord­bok: Ord­bok over det norske folke­målet og det ny­norske skrift­målet (1966–2005).

På mange av ordi hev eg lagt hermor, eller sitat, frå ord­bøker, og vil ganga yver serskilt utydelege avstyttingar i desse og leggja ved uttydingar. Men upplysingane frå desse ordbokteigane skal elles koma fram i teksti eg skriv kring deim. Når uttydingane er lagde til skal det ukjende ordet eller koden hava eit prikkut strìk under seg, slik som her, som du held yver med musi til det kjem upp ei øskja med noko tekst.

Lista er enno under arbeid og eg kann ikkje segja med vissa at eg hev fenge med alle namni.


Gobbegabbe m.

Som fyrste namn på lista hev me gobbe­gabbe, og detta namnet er einast heimfest i Sunndal på Indre Nordmøre. Det skulde nog ha vore lenger ned på denne lista, hadde ho ikkje vore sortert alfabetiskt. Upphavet er uvisst, men det kann vera tilknytt gobb eller gobbe ‘rund, hovudforma ting’ av formi på blomen, og gabb ‘gov, drev, tett røyk’. Namnet kann òg vera ei umlaging av kabbelabbe eller kobbelobbe, som båe er former av kappelaup nemnt lenger nede på lista.

gobbegabbe m [gobbe- kanskje av IIgobb, gobbe p g a den rundvorne forma og -gabbe av II gabb p g a støvinga, el heile sms ei oml av kabbelabbe, kobbelobbe o l som namn på same planta (Nordh. i MM 1947, 47ff)] løvetann (Sunndal).
2002, Norsk Ordbok, s. 5341


Goddagmann m.

Andre namn på lista hev er eit like uvanlegt namn, funne på Tronde­nes i Har­stad. Det er truleg laga etter helsingi «goddag, mann».

god[…]‑dag/mann m. 1) bot., løve­tann (Tronde­nes Høeg­Pl­Trad 631). 2) liten ’god­daga­mann’ nemning for vesle­fingeren (jfr -danne­mann) (Årb­Meldal 1975, 60).
2002, Norsk Ordbok, s. 10481


Gullboste m.

Detta er eitt av dei vanslegaste blomenamni og er frå gamalt funne i Tele­mark, Halling­dal, på Nord­møre og i Inn­herad, i fylgje Aasen, men det er bruka andre stader mèd, som kjem fram i herma frå Norsk Ordbok under. Namnet er saman­sett av gull og boste ‘kost’ som høver godt med utsjå­naden åt blomen; han er no som ein liten gullkost. Kor gamalt detta namnet er finn eg ikkje ut av, og helder ikkje um det fanst noko norrønt *gull­bursti. På Island hev dei kognaten gull­bursti, men detta tyder Mentzelia lindleyi og ikkje Taraxacum officinale.

Gullboste (o’), m. Løvetand (Blomst). Tel. Hall. Ndm. Indh. Ellers kaldet: Gullhauk (Ndm.), Kveldsvæva, Nattsvæva, Fivel, Haarkall og fl.
1873, Ivar Aasen, Norsk Ordbog
Gullboste kann òg vera namn på hestehov (Tussilago farfara), eller i yverført tyding eit gullbarn.
gull[…]‑boste m [A; skr òg ‑best (Hyldb.BB 57; Driva 1984); målf òg ‑bauste (Få­berg, Flu­berg, Torpa, Etne­dal, Eres­fjord og Vist­dal, Aver­øya, Øre), ‑bost (Ndm sumst, Geita­strand, Opp­dal), ‑bust (Vega, Sømna), ‑bøst el ‑best (Surna­dal), ‑børste (Solør, Skåt­øy, Hauge­sund), ‑baust n (NLand); målf òg f (Spar­bu)]. 1) bot., løve­tann; (stundom serl:) løve­tann i bløming (Solør, Kvikne, Folldal, Heidal, Få­berg, Flu­berg, NLand, Torpa, Etne­dal, Hall, Tel, VAgd sumst, Hauge­sund, Stryn, Nb, No sumst, Trs sj; jfr HøegPlTrad 629; Schum.F 169; NLO): diger, gild gullboste frametter vegkantane (Ga. II, 41). 2) bot., heste­hov (Eres­fjord og Vist­dal, Sunn­dal, Surnadal, Orkdal, Oppdal, INamd, Sømna; jfr HøegPlTrad 650). 3) overf, gull­barn (òg om vaksne) (Grong, Høylandet; Du.): nei dokk e no gull­bostin dokk far, som kjem og sjer om oss! (Du.J 33).
2002, Norsk Ordbok, s. 10481


Gullhauk m.

Detta namnet er einast funne i Surnadal og Rindal, og Aasen heimfeste det til Nordmøre, jamfør herma frå Norsk Ordbog yver. Det er samansett av gull og hauk, og grunnen er uklår. Eit anna, liknande namn er gulhauk, som er nemnt i Plantelære av Ivar Bleiklie.

gull[…]‑hauk m [A¹, A² u ‑boste] bot., løvetann (NdmA, Surnadal, Rindal; òg nytta om andre gule korgblomstrar (Rindal ÅrsskrNdm 1925, 85); hestehov (SurnadalM, Rindal HøegPlTrad 650; ÅrsskrRindal 1997, 55).
2002, Norsk Ordbok, s. 10531


Hesteblom m.

Detta namnet er i hovudsak bruka i Austfold (Smaalenene), men finst òg i gamle Røyken kommune (på Hurumlandet), Lista og Jæren.

Hesteblom, m. 1) Løvetand. Smaal. 2) s. Hestfivel.
1873, Ivar Aasen, Norsk Ordbog

Ei onnor form av namnet er elles hesteblomst.

heste[…]‑blom m [Seljord1786, 115, A²] bot. 1 løvetann (AustfA², Røyken, Lista, Jr; Svenn.PL123): hestebloma­ne glødde i bakkane som brennande ljos (Ga. IVm138). 2 jonsokblom, solblom, hestefivel (1) (VAgd, Ryf, Shl, Bale­strand, Fjærland). 3 soleie (Sand). 4 bekke­blom (Haram Høeg­Pl­Trad 263).
‑blomst m [H] bot. 1 hesteblom (1) (H). 2 hesteblom (2) (Folldal HøegPlTrad 451).
2005, Norsk Ordbok, s. 3782


Hesterosa el. ‑rose f.

Funne på Lista og i Farsund.

heste[…]‑rose f bot., løvetann (Lista, Farsund HøegPlTrad 629).
— Norsk Ordbok (nettordbok)


Hårkall m.

Um detta er eit blomenamn eller berre nemningi på eit serskilt stìg i framvoksteren åt blomen er uvisst, men namnet tyder løvetann med mogen frjotopp (dei kvite svivefrjoi som fer med vinden), og ikkje den gule blomen. Funne i Trøndelag, Nord-Noreg, og nokre stader på Nordmøre og i Trums.

Haarkall, m. 1) som Plantenavn: Løvetand med moden Frøtop. Trondh. Nordl. (Vel egentl. graahaaret Karl, G.N. hærukarl). – 2) en anden Plante: Myruld (Eriophorum). Senjen. (Jf. Fivel). – 3) en utro Ægtemand. Sogn, Ork. Vistnok en Afvig. af Hor-kall.
1873, Ivar Aasen, Norsk Ordbog

Namnet tyder elles myrdun/myrull og leirfivel (hestehov) med mogen frjotopp.

hår[…]‑kall m [A; eigl 'gråhærd mann'; jfr norr. hærukall]. 1 a løvetann med mogen frøtopp (Ndm sumst, Trl, No, Trs sumst). b hestehov med mogen frøtopp (Hølonda, Inderøy, VefsnLund.). 2 myrull (Rana, Beiarn, Vstrål, SenjaA², Målselv, Skjervøy; jfr Høeg­Pl­Trad 357). 3 smalbladkjempe (Bru og Eikefjord Høeg­Pl­Trad 507). 4 eit slag tuver med stive grasstrå (Aure Driva 1984). 5 sjå hor-kall.
‑kall/gull n hårkall (1a) (Meldal Høeg­Pl­Trad 630).
2005, Norsk Ordbok, s. 10352


Kappelaup m.

Funne i Nord-Vågsøy, Selje, Sunn­møre, Raumsdal, Tingvoll og Sunn­dal. Namnet hev truleg samanhang med kobbe ‘sel’ og spelar på den runde formi, og sistelekken kjem truleg av noko med tydingi ulle, og er skyldt lubb ‘tjukk, lubben’.

kappe-laup m [Snm­1762 I,101 kabbelaup; målf (med aks. 1 el 2) kappelaup (Selje, Snm sumst), kappelauv (NVågsøy, Vanylven, Sande på Snm, Dalsfjord), kappelau (Selje, Snm mst), kappilaup (Snm sumst, Roms sumst), kappilau (Vartdal, Dalsfjord, Volda, Hjørundfjord), kapplaup (Stranda), kapplau (Ulstein), kabbelaup (Borgund på Snm), kabbelau (NVågsøy), kabbelabb (Eid i Roms), kabbelabbe (Sunn­dal), kabbilabb (Veøy, Eres­fjord og Vistdal), kabbilabbi (Eid i Roms), koppelaup (Ulstein, Bolsøy), koppelauv (Vanylven, Rovde), koppelopp(e) (Roms sumst, Tingvoll), koppilaup (Fræna), kobbeloppe (Grytten), kobbelobb(e) (Grytten, Hen); fyrstelekken (etter den runde forma) trul. smh med kobbe, sistelekken om noko ulli og trul. smh med I lubb MM1947,51-53] løvetann (sumst mest om stadiet med frøhovud) (NVågsøy, Selje, Snm, Roms, Tingvoll, Sunn­dal; MM 1947,27-69; Høeg­Pl­Trad 623-631): no blømer kappelaupen (Ørsta).
— Metaordboka3
(Berre bokstavane A til H av Norsk Ordbok er tilgjengeleg gjenom netsidone til Nasjonalbiblioteket, so frå og med K er hermone frå Metaordboka3, utan formatering.)


Kjedeblom m.

Funne i Skjetve, Askjøm og Speberg i Austfold, Uvdal i Numedal, Bakke og Hidra i Vest-Agder, Suldal i Rogaland, Fitjar, Hardang og Alversund i Hordaland, og gamle Nord-Vågsøy kommune i Nordfjord. Fyrstelekken i namnet kann ha samanhang med at stylkane er bruka til kjedor i barneleik. Jfr. lekkjeblom.

Som herma under fortel er namnet uttala med stum d. Soleis kjeblom eller kjæblom.

kjede-blom m [målf òg kje‑, kjæ‑ (Suldal, Fitjar, Røldal)] løvetann (Skiptvet, Askim, Spydeberg, Uvdal, Bakke, Hidra, Suldal, Fitjar, Hard, Alversund, NVågsøy).
— Metaordboka3


Kveldsvæva el. ‑svæve f.

Grunntydingi av detta namnet er ein blome som let seg att um kvelden (jf. kveldsvæv ‘huga til å sova um kvelden’, av svæv ‘som søv’), men tyder serskilt Taraxacum officinale. Aasen heimfeste den tydingi til «Sogn og fl.», men ho finst elles i Telemark, Suldal, Røldal, Granvin, Voss, Nordhordland (etter Ross), nokre stader i Sogn, Fjaler, og Vesterålen.

Kveldsvæva, f. et Navn paa Blomster, som lukke sig om Aftenen; især Løvetand (Leontodon). Sogn og fl. Afvig. Kveldsvøva, Voss; Kveldsvævling, m. Tel. (Tinn). Ogsaa om Urter, hvis Blade sammenfolde sig mod Natten; saaledes om Gjøgsyre (Oxalis). Ork. I Stjordalen Kveldsøva, om Kløver (?). Jf. Svæva, Soveblom.
1873, Ivar Aasen, Norsk Ordbog
Målførelege former er, som herma under nemner, kveldsvøva og kveldsæva.
[kveld]-svæve f [Ri­1698 qveld svef u svef, Sel­jord­1786 129 qvæl-svæve, VSO qv-, VTel­1821 63 qvælsvæva, A, R u kveldsøva; målf òg ‑svøva (Suldal, Hl sumst, Vik, Leikanger, Hafslo), ‑sæva (Jondal)] plante med blome el blad som legg seg saman om kvelden. 1 løvetann (Ri­1698; VSO; A; Tel, Suldal, Røldal, Granvin, Vo, Nhl R, So sumst, Fjaler, Vstrål; Svenn.­Pl 123). 2 gauksyre (Gbr sumst, Va R, Lårdal, Eres­fjord og Vistdal, Stangvik, Orkd A, Oppdal; R.-Kj.VGT II,48; NFL­18­Stor. 62; Nordh.­KH 5). 3 kløver, serl kvitkløver (Sel­jord­1786; VTel­1821; Kviteseid, Oppdal; MM 1947,66). 4 svæve (Suldal, YHard, Voss, Modalen, Meland, Vik). 5 følblom (2) (Bykle, Valle, Suldal). 6 gul nykkerose (Kvam i Hard).
— Metaordboka3
Ei onnor form av namnet er kveldsvæv, som er hannkyn.
I kveld-svæv m 1 løvetann, kveldsvæve (1) (Tinn). 2 svæve, kveldsvæve (4) (Gyland).
— Metaordboka3


Lekkjeblom m.

Detta namnet er funne i Skjetve, Speberg, Fegring, Dovre, Hemsedal, Telemark, mangstad i Agder, Suldal, Stord, Fitjar og Strandvik, og kjem av at stylkane er bruka i barneleik til å laga kjedor.

Lekkjeblom, m. Løvetand (Plante). Tel. (Saa kaldet fordi Stilkene bruges til Kjæder i Børneleg).
1873, Ivar Aasen, Norsk Ordbog
[lekkje]-blom m [Sel­jord­1786, A, R] (etter barneleiken å laga kjeder av stilkane) løvetann (Sel­jord­1786; A; R; Skiptvet, Spydeberg, Feiring, Dovre, Hemsedal, Tel, Agd mst, Suldal, Stord, Fitjar, Strandvik); jfr kjedesoleie.
— Metaordboka3


Lyklegras n.

Kva lyklar hev med denne blomen å gjera veit eg ikkje, men namnet er funne på Voss og i Nordfjord.

Lyklegras, n. Løvetand. Voss og fl.
1873, Ivar Aasen, Norsk Ordbog
lykle-gras n [A2; til I lykle-] (arta) løvetann (A2; Vo, Nfj; Svenn.­Pl 123); jfr lekkjeblom.
— Metaordboka3


Lyklefivel m.

Som med lyklegras veit eg ikkje kva lyklar hev å gjera med blomen. Detta namnet er òg funne på Voss og i Nordfjord. På trass av fråstanden millom desse tvo stadene hev dei det sams at dei kann sjå på ei løvetann og tenkja «aah, denne læser me upp dørene med». Namnet er elles funne på ein tridje stad, Nordhordland.

lykle-fivel m [R3; til I lykle-] løvetann (Vo, Nfj R3; Nordh. (i MM 1947) 38).
— Metaordboka3


Løvetann f.

So var det namnet løvetann, det mest kjende av dei alle, men òg det nyaste i det norske målet. Namnet kjem gjenom dansk løvetand som umsetjingslån frå det vitskaplege namnet leontodon. Detta hev røter i gresk, men det likjest ikkje noko namn dei brukar i Hellas.

løve-tann f [oms. frå gr leontodon, namnet av di bladtakkane minner om rovdyrtenner] bot., (ugrasplante av) slekt i korgplantefamilien, med blad i rosett og store, gule korger på ein bladlaus, hol stilk, og med lettblåseleg fnokk på frukta; gullboste, kappelaup, kjedeblom, kveldsvæve (1); Taraxacum; òg serl om arta Taraxacum officinale (J.Lid­Elv­en­NF 822; No­Allk): jord som låg brakk, overgrodd med leirfivel og løvetann (Hauge­KG 44) / fmed.: te av løvetann er mykje brukt ved ledd- og muskelsjukdom, mot revmatisme og urinvegsplager (Vest­Nytt 2005) / låta i løvetann laga lyd med å blåsa i stilken (Varhaug, Nærbø); hertil løvetann-blad, ‑blekkje, ‑blom, ‑eng, ‑frø, ‑gruppe, ‑hovud, ‑lekkje, ‑ranke.
— Metaordboka3
Den tidlegaste norske kjelda som brukar namnet løvetann som ålment ord i ei tekst er Lærebok i botanikk for millomskulen (1921) av H. L. Sørensen5 (der det var bøygt som hannkyn), og formi løvetonn vart fyrst bruka av Hulda Garborg i boki Heimestell frå 1922.6


Nattsvæva el. ‑svæve f.

Som med kveldsvæva er grunntydingi ein blome som lèt seg att um kvelden/natti, men tyder allra heldst Taraxacum officinale. Aasen hev ingi heimfestingar fyre detta namnet, men det er funne Røldal og Jølster i denne tydingi.

Nattsvæva, f. Løvetand (= Gullboste); ogsaa Høgeurt og flere Planter, hvis Blomster lukke sig mod Natten. Jf. Svæva og Kveldsvæva.
1873, Ivar Aasen, Norsk Ordbog
Fyrelekken hev elles vore skrive nåt- i ei kjelda som eg ikkje hev tilgjenge til, men det kann tyda på at nåttsvæva el. -svæve er ei målføreleg form av namnet.
-svæve f [Snm­1762 I,110 nat-, Sel­jord­1786 114 nåt-, Unger­1844, A] 1 namn på plante. a løvetann (A; Røldal, Jølster). b plante som lèt seg att om natta; svæve (Sel­jord­1786; A; Jølster). c gauksyre (Snm­1762). 2 skjemt., sengekamerat (Unger­1844).
— Metaordboka3


Andre ord eller blomenamn som sume stader kann tyda Taraxacum officinale:

Fivel m.

Grunntydingi av detta namnet er ein blome med kvitt, ulle frukthovud, og tyder fyrst og fremst myrdun/myrull, men i tydingi Taraxacum officinale er det funne i Hol i Hallingdal, Tinn, Nordfjord, Møre og Raumsdal, og Stjørdal. På Island hev dei òg kognaten fífill som der hev hovudtydingi løvetann.

Fivel, m. Frø-uld (?). Som Plantenavn: 1) Eng-Uld, Myrduun, Eriophorum. Sæt. Tel. Vald. Sogn og flere. Ogsaa kaldet Fivelrokk, Tel., og Myrfivel, Indh. Andre St. Myrdun og fl. G.N. fífa. – 2) Løvetand, Leontodon; især med udviklet Frø. Sdm. Nfj. I Stjørdalen Fevel. I Blomstring kaldet Fivelblome, Hall. (Isl. fífill). Andre St. Gullboste, Kveldsvæva og fl.
1873, Ivar Aasen, Norsk Ordbog
Ordet hev ei rekkja målføreformer, som synt i herma under, men i tydingi løvetann er det einast fevel i Stjørdalen som skil seg frå den normerte formi.
I fivel m, pl fivlar [C, A, R, R3; målf òg fiv(v)il (mst), fevel (Stjør), fevill (Skogn, Roan), fibel (Eiken, Lista, Roms), fibedl (Ryf), bibelibakk (av *fibel-i-bakka MM 1947,46 frå Volda, Sandøy); jfr. gno fífa ’myrdun’, skarifífill ’folblom’ 8Fr IV); jfr Òg isl fífill ’løvetann’, sv målf smörfibla pl ’løvetann’, T] bor., (opph trul. koll. namn på (gule) korgplantar med kvitt, ulle frukthovud, Nordh. i MM 1927,34 og 45 og 65f). 1) a) myr­dun, myrull, myrfivel (Va, Tel, Set, Eiken, Lista, Ryf, Hl, So): så lett som ein fivel (ØSlidreM) / (ho kunne) finna fivel og veva og sauma dei kvar si skjorte (Hann.Set 38). b) plante med dun (V­SlidreM). c) dun, frø (av vier, tistel o a) som sigler i lufta (Andebu). 2) a) løvetann, gullboste; Taraxacum; serl i frukstadiet med kvit, ullen frøkrans (GrueM, M frå Hol i Hall, TinnOrdb, BruvikJ.Lid, Nfj, MøRo, StjørA²; Solb.I 213): *der rister fivelen sitt kvite hår (Se.N-AuD 79). b) hestehov, leirfivel; Tussilago farfara (Skogn, Verdal). c) solbrom; Arnica montana (ShlV); jfr hestfivel. 3) a) reivunge, spebarn (GOS VII,144). b) ven ungdom (StrandaM): det var noko til fivel.
1978, Norsk Ordbok, s. 1325-264


Smørblom el. ‑blomster m.

Ei skjeldhøyrd tyding av smørblom er òg løvetann, heimfest i Sætesdalen av Aasen, men òg funne i Heidmark fylke, på Sand i Ryfylke, og nokre stader i Telemark og Aust-Agder.

Smørblom, m. Urt med anseelige gule Blomster; især Ranunkel. Shl. Ryf. Rbg. Toten og fl. Ellers ogsaa om Løvetand, Sæt. Om Kabbeleie (Caltha), Buskr. Om Tormentille, Ryf. og fl. I Valders Smørsoleia, om Lotus corniculatus.
1873, Ivar Aasen, Norsk Ordbog
Namnet kann elles tyda mange andre blomeslag, og løvetann er nede på femte tyding i Norsk Ordbok.
‑blom m [Salt­dal­1825, A] plante, serl med gule, skinande blomar, såleis 1 engsoleie (A1; Austf, Hurdal, SGbr, Tot ofl A2, ØToten, Vestf, Tinn, Fyresdal, IAgd A2, Froland, Valle, VAgd, Rog, Shl, Fjell, Oppdal, Skjerstad; No­Allk; Årb­Had 1994,18; Nyl.­NP 19; NLO). 2 krypsoleie (NFL­119­Bei­arn 139). 3 soleihov (Salt­dal­1825; Bu A2, Vestf, Tel sumst, AAgdf sumst, NTrl; Svenn.­Pl 168). 4 vårkål (Brg; NLO). 5 løvetann (Hdmf, Tel sumst, AAgdf sumst, Set A2, Sand; Svenn.­Pl 123; NFL­98­Eid­skog 170). 6 hestehov (2a) (Eidskog, SOdal, Tjøme, Surnadal). 7 tepperot (A2; Tonstad, Bakke, Gyland, Rog mst, Kvinnherad, Odda, Alversund, Meland, Kinn, Eide på Ndm). 8 marimjelle (Årb­Glåm 1979,130). 9 smørtelg (Vossestrand). 10 perikum (1) (Tonstad). 11 ballblom (1) (Kråkerøy, Rakkestad, Øyer, ØGausdal, ØSlidre, Hattfjelldal).
— Metaordboka3


Kjeldor

Tilvisingar

  1. Norsk Ordbok (2002), s. 534, s. 1048, s. 1053
  2. Norsk Ordbok (2005), s. 378, s. 1035
  3. Metaordboka (grunnlagsdatabasen til Norsk Ordbok)
  4. Norsk Ordbok (1978), s. 1325–26
  5. Lærebok i botanikk for millomskulen (1921) av H. L. Sørensen
  6. Heimestell (1922) av Hulda Garborg

Atterbod

Namn:

Heimsida (valfritt):

Bod: